Temadag på Tryggheim ungdomsskule

Temadag på Tryggheim ungdomsskule

Tysdag 18. februar møtte Margunn Serigstad Dahle og Anne Solfrid Brennhovd elevar og foreldre på Tryggheim ungdomsskule.

Tema for dagen var «Er det så nøye, då? Mediemylderet og mine eigne val.».

Tryggheim3

Gode tilbakemeldingar

Tron-Arild Grødem, rektor på Tryggheim ungdomsskule, fortel at både elevar og foreldre gjev gode tilbakemeldingar på opplegget.

Grunnen til at Tryggheim ungdomsskule arrangerer ein slik tema dag er at dei er uroa over alt det som skjer i medieverda. Elevane er veldig mykje i den verda, og skulen ynskjer å gjera dei medvitne om kva utfordringar dei møter her. Det handlar om haldningar og det å gje elevane «verktøy» som kan vera med på å hjelpa dei i kvardagen.

Dette opplevde Grødem at seminaret med teamet frå Damaris klarte på ein bra måte.

Behov for vaksenopplæring

Margunn og Anne Solfrid er svært flinke til å formidla til elevane og til å få dei med seg. Dette er verdfullt. Eg tenkjer og at det er vaksenopplæring. Foreldregenerasjonen gjer og veldig mykje «merkeleg». Dei treng og å bli medvitne om dette temaet.
Opplegget med temadag for elevane kopla med foreldekveld kan me kan anbefala til andre, seier Grødem.

Tryggheim1

Anne Solfrid Brennhovd tidligare medarbeidar i Damaris, nå freelansar.

God kjennskap til ungdomskulturen

Marit Halvorsen, som er lærar på Tryggheim ungdomsskule, er
imponert over korleis dei hadde sett seg inn i ungdomskulturen, og korleis dei traff elevane heime. Ho fekk òg med seg foreldrekvelden, og opplevde den veldig interessant.
– Eg skulle gjerne sett mange fleire foreldre på eit så viktig tema. Det å høyre på nokre som har sett seg så grundig inn i populærkulturen, og som kunne hjelpe oss til å bli bevisste og oppmerksame, var veldig bra.

Halvorsen snakka med to mødre etterpå, og begge syns at dette var veldig nyttig.

– Eg vil verkeleg anbefale slike temakveldar på andre skular. Utviklinga går så fort! Sjølv meiner eg at eg er forholdsvis oppdatert gjennom mine born, men likevel følte eg at det var mykje nytt. Bevisstgjøring på kva verdiar som vert formidla gjennom film og musikk var for eksempel ein tankevekkjer. Vi vart oppfordra til å stille spørsmål heller enn å kome med påstander til barna våre, og slik hjelpe til personlege vurderingar.

Er din skule interessert i eit tilsvarande arrangement?

Margunn Serigstad Dahle Team- og produksjonsleder for Damaris Norge.

Margunn Serigstad Dahle Team- og produksjonsleder for Damaris Norge.

Ta kontakt med Margunn Serigstad Dahle Team- og produksjonsleder for Damaris Norge.