 |
Nytt i Kulturvinduet |
 |
|
|
|
|
Fan og fandom i fotball og film
|
Av Margunn Serigstad Dahle
|
I desse VM-tidene er fan synonymt med fotballfans for dei aller fleste. Fotball-VM i Sør-Afrika
pregar sendeflatene på fjernsynskanalar verda over, og mediebiletet generelt er dominert av idola med lærkula.
Idol, ja. Det er jo det dei er, karar som Messi og Rooney. Samstundes som entusiasmen er stor for det aktuelle laget, er supportarar større fans av enkelte spelarar enn av andre.
Omgrepet ’fan’ oppstod då òg i sportsmiljøa, om enn ikkje med fotball, men baseball i sentrum. I USA byrja ein i det 19. århundret å snakke om fanatiske tilhengarar av baseball, mens ein i England fyrst knytte ordet til boksesporten. Det gjekk imidlertid ikkje lenge frå fotballen fekk reglar tilnærma dei vi har i dag, til det nettopp vart fotballfans ein høyrde mest om. Ikkje minst i England, der vogga til moderne fotball stod midt på 1800-talet.
Med framveksten av populærkulturen frå 1950-talet fekk ein så fanklubbar knytt til artistar og skodespelarar så vel som til musikkstilar, tv-seriar og filmsjangrar. For fleire av desse tilhengarane er drivkrafta meir enn ei interesse, og dei omtalar gjerne seg sjølv som hekta eller fanga.
I fotballverda har vi sett den same utviklinga. Sporten er vorte den mest utbreidde i verda, og for mange fans er fotball ein livsstil. Ikkje få forskarar trekk då òg ei linje mellom det å vere religiøs og det å vere ein så ihuga fotballfan, og peikar på engasjement, samhald, truskap, identitet og meining som sentrale likskapar. Navnet
Menigheden på supportarklubben til Start har då ein interessant dobbel botn.
Denne endringa er nettopp ei utvikling frå fan til fandom. Anten ein held seg i mediekulturen eller på sportsarenaen, synes stendig fleire å finne ei djupare meining i relasjonen til for eksempel ein film eller eit fotball-lag. Filmkritikaren Ted Turnau omtalar då òg fandom som ei erstatning for tradisjonell religion i den sekulære samtida vår. Han brukar uttrykket ”media fandom” når det gjeld relasjonen til populærkulturen, og viser til at dette fenomenet kan sporast attende til slutten av 1960-talet og science-fiction-serien
Star Trek. Aldri før hadde ein tv-serie ført til slik entusiasme. Mange opplevde ein så djup gjenklang i eige liv at serien vart eit ankerfeste i kvardagen.
Det ferskaste eksempelet ser vi blant tilhengarane til filmen
Avatar. Via rollespel går mange så sterkt inn i filmuniverset at det å vere ein Na’vi oppleves meir reelt enn kvardagen som IT-konsulent. ”Dette er min eigentlege identitet, her er det sanne fellesskapet”, uttrykker ein fan, og legg til at å møte Pandora var som å kome heim. ”Eg trudde ikkje på nokon guddom før Avatar”, seier ein annan, til forveksling lik ein Na’vi.
Så er dei færraste så ekstreme, likeeins som dei færraste fotballfans ender i fandom. Men fenomenet speglar eit grunnleggande behov hjå mennesket; lengselen etter meining og forankring av tillit. Her ligg mange moglegheiter for å dele kristen tru.
Margunn Serigstad Dahle
Mediehøgskolen Gimlekollen/Damaris Norge
Kulturnotatet har også stått på trykk i avisen DagenMagazinet 21.06.10
|
(24.06.2010)
|
|
|